Stette - status
For tida held eg og naboen vår, Ronny, på og bygg platting. Dette synes vi er fole kjekt. Det som er veldig rart, er at den faktisk blir i vater også :) Heile plattingen blir på ca 120 kvm. til slutt, så det er heilt klart at det blir mykje jobb. Men to sånne nevenyttige karar klarer det meste :)
Det blir og mykje jobb på Lena, som må passe dei tre små mens eg snekrar kvar dag etter jobb og i HEILE helgane. Det går stort sett greit for oss begge, men etter ungane har lagt seg blir det veldig ofte kapitulert ned i ein stol og dovna ei tid før senga roper på oss. Bilder av plattingen kjem etter kvart. Bilder av stolen kjem ikkje :)
Dagny i bunad på 17. mai.
Når det gjeld ungane, så går det fint, bortsett fra at denne veka har vore ganske så hard, då gutane har funne ut at søvn på dagen er oppskrytt, og at det å trene stemmebanda med roping og hyling er tingen. Dagny har vore ganske så grisetrøtt etter at ho har komme att frå barnehagen, og har grete for den minste ting. Dette har ført til at vi til tider har hatt 4 ropende/grinende personar i huset, inkl. meg. Stakkars Lena :) Men, vi kan ikkje klage, vi prisar oss lykkeleg kvar dag over at vi har fått tre sunne og friske ungar. Ein skal aldri ta sånne ting for gitt.
Begge gutane har fått barnehageplass fra August. Vi har tilvenning 13. august 09. Vi gruer oss litt, men samtidig skal det bli greit å komme inn i faste rutiner der både eg og Lena jobber. Dagny skal begynne på storeavdelinga på barnehagen, og vi gleder oss til det også. Lillejenta vår har begynt å bli stor :)
Naboen vår, Bjørn Elias Iversen, døydde 26. mai. Han var ein særs aktiv kar innan både friluftsliv og musikk, som tapte kampen mot kreften. Både Lena og eg spelte i korps attmed Bjørn, og kjem til å sakne han mykje. Ting gikk veldig fort, og vi er svært lei oss for utfallet.
Tankane våre går til Siv, Ann Kristin og Sivert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar